Den reine tegneserieforskninga

I Replikk Nr. 17 (2003) møter ein på eit flaneri om teikneseriar eller den subjektive teikneserieopplevinga, skriven av Anders Reiersgaard (Reiersgaard 2003). Der presenterer han sitt syn på kva som særmerker teikneserie-mediet, og skisserer opp viktige punkt som bør vera med i ein definisjon. Vidare grunngjev han synet sitt ved å trekkje fram døme frå teikneseriar han sjølv likar. Teksten endar opp med eit forslag om å skilje klårare mellom dei to omgrepa serie og sekvens, og flaneriet framstår såleis som eitt av forsøka på å utvikle betre definisjonar og omgrep i arbeidet med dette mediet. Men treng me verkeleg eit betre omgrepsapparat for teikneseriar?

Legg igjen et svar