Verda: Sju tankar i mai 2003

Subcommandante Marcos oversatt av Finn Røsland

Etter kvart som makta sine luftslott skrumpar inn, og dei store mediekonserna svingar mellom komediane og tragediane som verdas politiske klasse steller i stand, er rørslene ustoppelege, under i den store og utvida kjellaren i det moderne og vaklevorne Babels Tårn.

Sjølv om dei bablar er dei i ferd med å vinna attende ordet, og ordet sin eigenskap både som spegel og vindauga. Medan det ovanfrå vert lagt opp til ein individbasert politikk, møter me våre like og andre i verdas kjellar. Som del av denne rekonstruksjonen av ord som spegel og vindauga, har den
Zapatistiske Hæren for Nasjonal Frigjering teke oppatt dialogen med rørsler og sosiale og politiske organisasjonar verda over. Innleiingsvis, med brør og systrer frå Mexico, Italia, Frankrike, Tyskland, Sveits, Den Spanske Staten, Argentina og den Amerikanske Unionen. Det handlar om å utvikla eit felles diskusjonsplan.

Føremålet er ikkje å oppnå politiske og programmatiske avtalar, og heller ikkje å gje seg i kast med ein ny versjon av Internasjonalen. Det handlar heller ikkje om å slå saman teoretiske konsept eller å einsretta forståingar, men å finna og/eller byggja felles diskusjonspunkt. Om lag som å byggja teoretiske og praktiske bilete som vert sett og levd frå ulike
plassar.

Som del av denne viljen til å koma saman presenterer EZLN no desse 7 tankane. Det å “forankra” desse i ein horisont av rom og tid betyr for oss ei innrømming av våre teoretiske og praktiske grenser, og framfor alt grensene for den universelle visjonen. Dette er vårt fyrste bidrag til bygginga av eit globalt diskusjonsplan.

Subcomandante Marcos, er på den øvste millitære leiaren til EZLN, den kjende gerilliarørsla i Chiapas, det søraustlege Mexico. Teksten vert her presentert for fyrste gong paa norsk, og er omsett og kommentert av Finn
Røsland.

Legg igjen et svar