Kunstnarane og Diktarane av Noreg

Kåseri fremført på Replikks slippfest 17/04- 2008.

Av Bjarte Samuelsen

Du skal lytte til kva kunstnarane har å seie, seier folk, for kunstnarane kan forandre vårt forhold til psykologiske, ideologiske og politiske oppfatningar, seier dei. Ja, kunstnarane kan forandre på sjølvaste livet, høyrer vi folk snakke om.

Men kvar finst alle desse kunstnarane, og korleis lever dei?

Jo, dei finst ute i distrikta, langs riksvegar, rundt små skogar og vatn, i gløymte og gøymte hus langt oppe i dalane. For om vi verkeleg ser oss rundt om i Noreg, og ikkje berre til Oslo og Bergen, vil vi sjå at det finst veldig mange lokale kunstnarar som driv sine verksemder på eit lokalt, og viss dei er heldig, på eit regionalt nivå. Desse såkalla kunstnarane, gjerne damer og menn i 40- 50 års alderen, målar akryl- og akvarellbilde, dei teiknar med A2 og kol, dei syr og lagar krukker og lysestakar til naboen. Desse kunstnarane av Noreg lagar ikkje merkelege installasjonar av video, foto eller andre medium. Kunstnarane av Noreg går ikkje på søppelhaugen i sine slarvete og slauraktige klede for å leite etter stål- og jarnrestar for å smelte desse saman til gråsteintunge skulpturar eller andre uforståelege objekt.

Neidå, kunstnarane av Noreg driv med seriøse motiv og tema, og har liten interesse for den globale og felles forståinga av kva kunst er. Kunstnarane av Noreg har nemleg nok med si lokale verkelegheit. Berre sjå på alle desse kunstnarane som lever ute ved kysten, dei såkalla kystkunstnarane. For er der ikkje nok vind og hav der langs forblåste strender og nedlagd industri å fokusere på, om dei også skulle interesse seg for kva som skjer innanfor kunst i Paris og Berlin. Kystkunstnarane treng rett og slett ikkje å sjå seg over skuldra. Dei er jo omringa og omfamna med flotte, store og konkrete motiv på alle kantar. Det er eigentleg berre å velje og vrake når dei skal bure seg inne for å produsere kunst. Men sjølv om valmoglegheitene er mange, er, kan hende, dei mest populære motiva, representert med titlar som “Båt på ei bølgje”, “Fiskar dreg garn” og “Kvinne kledd som havfrue”.

Desse kystkunstnarane er fintfølande menneske, og gjennom sure og kalde vintrar, opplevinga av det store mørket, oppnår dei høgare innsikter slik at dei kan skape kystkulturen sin høgaste representasjon. Dei finn ein ideologi, ein mentalitet og ein opphøgd identitet alle som bur ved kysten kan kjenne seg igjen i. Og gjennom kunsten sin, klarer dei å gjenskape denne høgare eininga og slik sett mobilisere kystfolket til eit konstruktivt samvære og ein foreinande fellesskap. Kystkunstnarane bygger rett og slett bruer mellom forskjellar og urettferdigheit. Dei skaper hygge og ein god samtale mellom folk. For er det noko kystkunstkunstnarane sett pris på, så er det den gode samtalen. Stort sett held dei jo seg for sjølve, godt gøymt inne i kunstnarheimane deira. Men om dei no skulle treffe kvarandre på ei regntung gate, er det ikkje nødvendig å samtale om internasjonale og intellektuelt, abstrakte tema. Nei, kystkunstnarane tar det roleg, held samtalen på eit konkret nivå utan å ta for store ord og vendingar i kjeften sin. Det må nemleg vere slik for kystkunstnarane. For livet sjølv viser seg jo like utanfor stovedøra der naturkreftene, som både er til glede og innsikt, hamrar på vindaugsruta og ber om å bli gjenstand for kunstnarisk aktivitet. Dermed treng jo heller ikkje kystkunstnarane å reise ut eller oppsøke inspirasjon. Dei er jo rett og slett omringa av inspirasjon og det er berre å ta for seg.

Men det er ikkje berre kystkunstnarane som det er verdt å nemne, vi har jo også kunstnarane av Noreg som bur lenger inne i landet og tett opptil den djupe og fuktige granskogen, altså dei såkalla skogskunstnarane. Og skogskunstnarane er sjølvsagt oppteken av dei mørke og destruktive kreftene som omgir folket rundt grana. Her, i dei djupe skogane, er skogskunstnarane oppteken med motiv som “Skuggen i skogen”, “Vedhoggaren” og sjølvsagt ulike variasjonar over “Elgen” og andre dyr dei til dagleg bur i harmoni med.

Folket møtest på kafé, i stovene til kvarandre, i rådhuset, den lokale kinoen og på trygdekontoret. Her på veggene heng det bilde som beskrivar så godt kven dei er; på tunet er der leikande ungar. Far står gjerne og hoggar ved, mens mor står i vindauget på den vesle garden og roper at det snart er middag. Dette er moralsk oppbyggeleg kunst for mannen på trygdekontoret. I staden, der han er nummer ein i køen for å klage over for lite trygd, ser han på det flotte måleriet på veggen. Og der og då, då han ser mannen som hoggar ved vedstubba, finn han seg sjølv. Nei, kva er det eg står og gjer på, tenker han, etter å ha sett det flotte måleriet av ein familie med djup og fuktig granskog rundt. Han kastar kølappen i golvet, dreg direkte til den lokale papirfabrikken og seier han er attende til der han høyrer heime. For er det noko skogskunstnarane kan, er det å tene og støtte folket.

Kunstnarane av Noreg er rett og slett symbolet på korleis eit demokratisk system skal vere. Ikkje klagar dei over for små lokale, ikkje klagar dei over subsidiar og stipend frå Staten, dei treng ikkje eingong å søkje, fordi kommunen dei lever i sørgjer for solid økonomi om behovet skulle melde seg. Nei, kunstnarane av Noreg har det slik ein kunstnar må og bør ha det. God tid, god økonomi, flott natur rundt seg og store lokale. Men det stoppar ikkje der, for kunstnarane av Noreg held faktisk utstillingar og sel bilde. Kunstnarane av Noreg lever kanskje ikkje feitt, men mellom 2000 og 3000- kroner for eit lite måleri er greitt nok det. I tillegg kjem alle trykka dei sel, dei kostar mellom 200 og 500- kroner. Og skulle ikkje salet gå bra, held kunstnarane av Noreg helgekurs til kroner 4500 for dei komande kunstnarane av Noreg. For denne prisen er både utstyr og individuell rettleiing inkludert. Og om det verkeleg skulle skorte på økonomien, er det ikkje verre enn å lage ei tosiders skisse med eit undervisingsprogram for 4. til 7. trinn og søkje fylkeskommunen om å vere med og bidra til den kulturelle skolesekken.

Men det er ikkje berre kunstnarane av Noreg som held kunsten i Noreg oppe, vi har jo også diktarane av Noreg. Og er det noko diktarane av Noreg meistrar, så må det vere å sette problem under debatt og rette kritisk søkelys mot det lokale folket sin kvardag. Diktarane av Noreg leverer ikkje manus til Gyldendal, Aschehoug og CappelenDamm. Nei, no snakkar vi om lokale forlag, gjerne enkeltmannsføretak, med få publikasjonar og lite ressursar, men likevel med stor autoritet og integritet for alle som elskar ei god oppvekstskildring og stemningsrapport frå bygdene. Dagens diktarar av Noreg har ikkje berre revolusjonert heimstaddiktinga, men også verkeleg gitt folket der ute på bygdene noko handfast og konkret å sette fingeren på. Rett og slett gitt dei eit liv det går an å samanlikne seg med. For er det nokon som kjenner lokalmiljøet – fabrikken, nabointrigar, sladdar, rådmannen, ordføraren og kor fint det kan vere på bygda om sommaren – så må det vere diktarane av Noreg.

Dei sit åleine diktarane av Noreg, gjerne heile året gjennom i ei hytte på sørlandskysten, og skaper flotte dikt med både rim og fast metrikk. Og når byfolka, sommarturistane, kjem med både hundar og katter, ja, då står diktarane av Noreg klare til å servere byfolka dei herlegaste skildringar dei skal få oppleve sommaren gjennom. Dermed byggar også diktarane av Noreg bruer mellom by- og bygdefolk. Gjennom desse flotte dikta på seine kveldar og vin på terrassen, oppstår det kulturministeren og byråkratane kallar for kulturelt mangfald. Og kulturelt mangfald er bra for nasjonalkjensla og tilhøra, bra for sjølvaste utviklinga av vårt kjære land. For både store og små, kvite og svarte, kan no rekke kvarandre hendene i patosfylte augneblink og sjå framover mot ei ny samfunnsforståinga der hus- og hytteutbygging vil sikre framtida med vekst og utvikling slik at bygda blir ein levedyktig og trygg stad å vere.

Så la oss no få høyre korleis eit dikt frå diktarane av Noreg høyrest ut. Dette diktet er frå ein av dei mange skogsdiktarane våre, skrevet ein sommarkveld han sat i hagen og tenkte over livet og kva han skulle skrive. Han skreiv:

 

 

 

Da eg kom frå skogen og lurte på   

om eg skulle skrive eit dikt om konglestøv,

såg eg Mozart sitte på ein trebenk

under eit plommetre.

Kvifor sat han der?

Og skulle eg gå bort for å helse på han?

Eg blei ståande og tenke på dette,

mens eg såg korleis skaparevna hans vibrerte i lufta.

Brått reiste han seg,

begynte å dirigere ut i lause lufta.

Plommene fall ei etter ei ned frå greinene, danna ei blåsarrekke

før dei gjekk bak Mozart og inn i skogen.

Eg følgde straks etter for å sjå kva som var på ferde.

Inne i skogen blei ein Or utpeikt som fiolinist

Ein gammal Bjørk fekk vere Bratsj

Konglene blei Cymbalar

To sporv spelte duett med piccolofløyter

Mozart stod lenge og funderte over kven som

skulle få vere Bass, heilt til ein ustemt Elg

viste seg mellom to gran.

 

Ja, eg meiner det. Vi må komme oss ut på bygda for å sjå kva kunst verkeleg er. For utan kunstnarane og diktarane av Noreg sit vi berre igjen med sjølvsentrerte, egoistiske og mislykka bykunstnarar frå Oslo og Bergen, som ikkje har forstått meininga med å bevege seg på det lokale plan. Det er jo også derfor desse bykunstnarane ikkje har nokon verknad for folket ute i distrikta. For folket ute i distrikta kjenner seg ikkje igjen i alle desse finurlege nymodernistiske perspektiva bykunstnarane driv med. Dei er jo berre riv ruskande galne og fjerne frå den eigentlege kvardagen. Og det er jo her essensen om kunsten og kunstnaren sin verknad i samfunnet er fundert, for om kunsten nokon gong skal kunne klare å ha ideologisk og politisk kraft i distriktsnoreg, ja, så må også bykunstnarane snakke kunstens distriktsspråk. Det er jo ute i distrikta det skjer, det er her, mellom bølgjeskvulp og fuglar i skogen det er mogleg å nyte kunstens sanne eg. Men bykunstnarane vegrar seg, kva skal vi til bygda å gjere, spør dei seg? Ikkje berre er dei bygdetullingar, men kunst, nei, det kan dei i alle fall ikkje ha meiningar om.   

Og det er jo også då, når bykunstnarane neglisjerer og preiker skit om kunstnarane av Noreg, problema begynner å hope seg opp. Det er nemleg eit slit å omgi seg med kvalitet. Ikkje har bykunstnarane pengar, ikkje har dei ein plass å arbeide og ikkje får dei halde utstillingar. I staden sit dei på kafé og snakkar saman om kunst, for sjølv om dei ikkje får gjort noko, men berre må sitte å skrive stipendsøknadar med ein sliten gråblyant, så har dei likevel greie på kunstnarisk kvalitet. No breiar dei seg i store ord om korleis nasjonalmuseet ikkje torer å satse på “verkeleg” kunst, kunst som utfordrar dei store massane med politiske, ideologiske og revolusjonære visjonar. Den “verkelege” kunsten er nemleg å finne på samtidsmuseet Astrup Fernley. Der driv bykunstnarane frå våre institusjonar med objektbasert og ikkje prosessorientert kunst. Gjennom sine installasjonar av gud veit kva, viser dei fram den “eigentlege” nærleiken mennesket av vår tid har til samfunnet og vår eigen kvardag. Slik meiner desse såkalla samtidskunstnarane, som bykunstnarane liker å kalle seg, at dei vender seg utover, mot felles globale mål og interesser. No snakkar vi altså kunst med store bokstavar, kunst som er skapt av og er eit resultat av landets institusjonelle verksemd, og som dei trur gagnar og når ut til folket. Men så feil kan dei altså ta!

For det eigentlege folket, dei bur ikkje i Oslo og Bergen. Nei, dei finst ute på vegen, i regn og vind, mellom måseskrik og hubrohyl i natta. Det er ikkje verre enn å sjå seg litt rundt. Ta deg for eksempel ein kjøretur frå Bergen til Haugesund. Og når du har komen til Nesttun, ja, då begynner du å kjenne at forandringane om eit nytt folk og kunstnarisk Noreg er på veg. Folket frå Nesttun til Haugesund, som bur i skråningar, fjellsider og i skogkanten, bryr seg nemleg ikkje om å dra til Norli eller besøke byen for å gå på kunstindustrimuseumet for å sjekke ut dei nyaste kunstprodukta.

Nei, kva skal vi med dei, desse kunstkritiske bykunstnarar som er utdanna frå universitet i både Bergen og New York. Dei seier dei har peiling på kunst, dei snakkar om kvalitet som om det skulle redde verda frå å gå under. Men dei har altså heilt gløymt ut Kunstnarane og Diktarane av Noreg, på kva dei driv med i sine stille og fredelege liv. For bykunstnarane forstår ikkje distriktsspråket og trur ikkje på den lokale forandringa, dei trur det berre finst inkompetente og rare bygdetullingar. Og ikkje nok med det, i tillegg har jo dei heilt gløymt ut Brundtland sin parole om å handle lokalt og tenke globalt.

Nei, det er det eg seier. Få alle som driv med denne kategorien Kunst ut på bygda. Sett dei saman i ein turbuss, gjerne med galleristar og forlagsfolk i framsetet, og så kan dei få sjå kva den ekte og autentiske kunstnariske aktivitet handlar om. Då hadde dei fått sett at kunst har ein verknad, at den funkar. At små bilde av tre eller bølgjer, dikt om tunet og solnedgangen, gir folket noko å tenke på og strekke seg etter. Det er jo verkeleg ikkje noko poeng å sitte der med vinglaset i byen å insistere på kunsten for kunsten si skyld. Nei, slikt blir det i staden berre problem og usemje av. Og problem og usemje har vi vel nok av på fjernsynet kvar kveld, om ikkje også bykunstnarane skal gå rundt og provosere desse konfliktane til ytste konsekvens.

 

 

Legg igjen et svar