Manuslokkar Replikk #38

Temaet for Replikk #38 er GRENSER.

FRIST FOR FØRSTEUTKAST: 1. september 2014

Kva er eigentleg ei grense? Dei geografiske grensene mellom statar og nasjonar kan vere kompliserte nok. Kor går til dømes grensa mellom Israel og Palestina, om ein i det heile kan snakke om ei grense? Og kva med grensene mellom Sápmi og Noreg, er dei berre kulturelle?

Likevel set indre grenser ofte større hindringar for oss enn dei ytre. Therese Johaug sprengte både dei andre konkurrentane og sine eigne grenser då ho vann Tour de Ski som første norske skiløpar i 2014. Men er dette eigentleg meir grensesprengande enn ei psykisk styrkeprøve som det å tilgje den som har tatt livet av barnet ditt?

Har oppdaginga av Higgs-partikkelen endra grensene for vitskapen om verda, eller bør vi heller leite i grenselandet mellom himmel og jord? Set språket og hjernen vår i det heile nokre grenser for kva vi kan vite noko om, eller er kunnskapen om universet prinsipielt grenselaus?

***

Vi legg vekt på å gje plass til unge skribentar, men slepp òg til meir erfarne forfattarar.
Alle innsendte tekstar vil få seriøs skriftleg tilbakemelding frå redaksjonen. Dei tekstane som vert valde ut til publisering vil verte grundig handsama, og forfattarane vil få innspel på både form og innhald.

Hovudfokuset vårt er akademiske artiklar og essay frå fagområde på Det humanistiske fakultet og Det samfunnsvitenskaplige fakultet, men vi tar imot bidrag i alle sjangarar og kategoriar:

  • artiklar
  • essay
  • bokmeldingar
  • intervju
  • omsettingar
  • kortprosa
  • poesi
  • illustrasjonar
  • fotografi

Kontakt redaksjonen om du kan tenke deg å bidra: replikk@uib.no

Nærmare informasjon om retningslinene for tekstbidrag