Leiar #38: Grenser

«Frontiers are indeed the razor’s edge on which hang suspended the modern issues of war or peace, of life or death to nations.»
– George Curzon, 1907

Winston Churchill skrytte visstnok på sine eldre dagar av at han skapte emiratet Transjordan, dagens Jordan, med eit pennestrøk ein vårdag i 1921. Då den dåverande koloniministeren teikna opp grensene til den nye staten, skal han ha fått hikke medan blyanten strauk over ørkenområda mot sentral-Arabia. Hikka fekk det til å rykke i grenseneven til Winston og førte dimed til det snåle hakket ein ser på Jordan sine grenser mot Saudi-Arabia i dag. Hendinga, og hakket, er på engelsk kjend som «Winston’s hiccup».

Historia er sjølvsagt berre reinspikka vrøvl, både fordi grensa ikkje vart etablert før fem år seinare, og fordi sjølv ikkje britane var so likesæle når det kom til etablering av grenser. Dét var til gjengjeld franskmennene i Nord-Afrika, då dei teikna opp grenser mellom koloniane sine i Sahara-ørkenen, grenser dei såg på som interne og administrative.

Ei verd delt inn i overlappande og uklåre grensesonar nærma seg slutten. Ein stad måtte grensene gå, og det i form av strekar ein kunne stige over. Grensene ein ser på verdskarta er likevel ikkje like, korkje i utsjånad eller funksjon. Nokre eksisterer knapt anna enn på papir, medan andre er fysiske murar, stengde og uvenlege. Statsgrenser er difor meir enn berre strekar på kart. Dei endrar seg, skapar nye identitetar og endrar politiske situasjonar. Etter første verdskrig fekk ein 20 000 kilometer med nye grenser i Europa. I dag bygger EU ned sine eigne interne grenser samstundes som fleire og fleire steinar blir lagt på dei ytre. Sjølv ideen om kva grenser er, endrar seg. Medan varer flyt friare over landegrensene, stenger dei same grensene visse folk ute. REPLIKK” har intervjua den amerikanske grenseforskaren Joshua Hagen om grensene si notid og framtid.

Definisjonar og innhald i omgrep kan endre seg over tid, mellom anna når det kjem til definisjonar av regionar. Eit døme på dette er den eurosentrisk nemninga Midtausten. Før første verdskrig kalla ein delar av regionen for Nærausten for å skilje området frå den dåverande ideen om Midtausten og Det fjerne austen. Kva ein meiner med Midtausten i dag varierer nesten frå person til person, og mange blandar saman religion, etnisitet og geografi når dei omtalar regionen. Nokre liknande problemstillingar finn ein i forsøka på å definere Europa for, til dømes, tusen år sidan. Kva, og ikkje minst kven, skulle eigentleg inngå i Europa, og kvifor? Terje Breigutu Moseng går nærmare inn på historieskriving i mellomalderen, og Liudprand av Cremona sitt forsøk på å skrive ei historie om «heile Europa».

Overlappande krav til eitt og same territorium har ofte ført til politisk spenning, konflikt og krig. For Noreg sin del har den mest problematiske og konfliktfylte grensa sidan andre verdskrig vore den mot Russland. Medan landgrensa vart avklart tidleg på 1800-talet, vart ikkje grensa til havs avklart før i 2010. Noreg og Russland vart då samde om ei ny grenseline i Barentshavet og Polhavet ved å dele eit førti år gamalt problem i to. Den norske grensa mot Russland var under den kalde krigen òg eit skilje mellom to økonomiske system, men då Sovjetunionen klappa saman fekk ein friare handel over landegrensene. Maja Finnes Sollid skriv om korleis ein meir tilgjengeleg marknad og institusjonell utvikling i Russland byr på problem for vestlege og norske aktørar.

Noreg sitt forhold til Russland har fleire kompliserte sider. Under den kalde krigen var Noreg den einaste staten i NATO som delte grense med Russland, noko som sette dei norske styresmaktene i ein litt spesiell situasjon der ein trengde eit venleg forhold både til aust og vest. Ragnhild Eitungjerde Høyvik har skrive om korleis Noreg brukte kulturdiplomati som balansepolitikk.

Grenser er ikkje berre statsmakt og skilje mellom territorium. Meir abstrakte grenser kan vere like merkbare, ikkje minst i det offentlege ordskiftet. Her er grensene for kva som er greitt å seie høgt omskiftelege og i kronisk endring. Natalie Milde og Hjørdis Maria Longva i REPLIKK” har diskutert offentleg diskurs og skandinavisk debattkultur med Hilde Sandvik, kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende.

Mennesket er glad i å sette grenser og dele verda inn i definisjonar, diagnosar og båsar. Det skapar struktur og kunnskap, men fører òg med seg skiljeliner der gråsoner ikkje alltid er velkomne. Det oppstår grenser mellom det tilsynelatande normale og det unormale. Nora Hjelmbrekke tek oss med inn i den svenske romanen Drömfakulteten, ein roman som utforskar gråsonene mellom det ekstreme, men normale, og det sjuke ved å sjå på livet og sinnet til ekstremfeministen Valerie Solanas.

Grenser er òg fysiske, spesielt i form av bakkar, berg og fjordar her på Vestlandet, noko som har ført til at vestlendingane har vore svært godt kjende med tunnelen, og dimed kvarandre. Maria-Rosa Doublet skriv om korleis fråfallet av administrative og kommunale grenser mellom Arna og Bergen har påverka dialektane i Ytre Arna i løpet av ein generasjon.

Ingenting skapar identitet som grenser. Berre spør nokon frå Sogn og Fjordane. Eg er frå Sunnfjord, ikkje Nordfjord eller gudsforlatne Sogn. Kvar ein kjem frå er tett knytt saman med grensene for staden, sjølv om ein ikkje eigentleg heilt veit kvar dei faktisk går. Eit av dei store statsprosjekta om dagen er den komande kommunereforma, personifisert gjennom kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, der ein ynskjer å fjerne grenser mellom kommunar og slå dei saman til større einingar. Det er ikkje berre å fjerne eit fysisk skilje, og reforma kjem til å røre ved identiteten til mange. Marius Myklebust har sett nærmare på korleis tilhengarar og motstandarar av kommunesamanslåingar ser på kommunereforma.

Medan bønder framleis får romstere fritt med si eiga tid, og har arbeidsoppgåver som varierer med natur og sesong, fekk arbeidarane med industrialiseringa strikte arbeidstider der ein var på arbeid i eit spesifikt tidsrom. Ein fekk eit tydlegare skilje mellom arbeid og fritid. Joakim Valevatn utforskar korleis akkurat dette skiljet er ferd med å endre seg i møte med kunnskapssamfunnet, der vi kan forvente eit grenselaust arbeidsliv utan privatliv.

Det skjønnlitterære bidraget kjem frå danske Amalie Laulund Trudsø, som gjennom ein suite kortprosatekstar syner grenseflater i nære relasjonar. Kunstbidraget i dette nummeret av REPLIKK” er fotografi og akvarellar av Hanne Dale.

God lesing!
Magnus Halsnes
redaktør

, 20/11/2014. Category: Leder. Tagged: , .