Sleppfest for Replikk #42 Fagkritikk

sleppfest 42

Etter ein hektisk førjulsinnspurt er Replikk” #42 Fagkritikk no endeleg sendt i trykken! Redaksjonen inviterer til sleppfest onsdag den 14. desember kl. 19.00. Vi prøver ut eit litt nytt konsept denne gongen og husar sleppfesten hjå Mannheimer, i Nygårdsgt. 2A, 2. etg. (dvs rett over Apollon, med inngang mellom Apollon og Dada.)

For den nette sum av 80 kronasjer byr vi på rykande ferskt tidsskrift, ymse leskedrykk, kake og to spennande programpostar relatert til fagkritikk, som vil bli annonserte i løpet av veka.

Vel møtt til ein fagkritisk pause frå julestria!