Sleppfest for Replikk”#43 – Motstand

replikk_43_motstand

Replikk” #43 MOTSTAND er sendt i trykken og vi ynskjer bidragsytarar, vener, fagfolk og tilfeldig forbipasserande hjarteleg velkomne til sleppfest, onsdag den 31. mai, på Nobel Bopel, kl. 19:00

Første gjest for kvelden er historikaren Ole-Jacob Abraham, som har skrive bok om motstandsgruppa SABORG sine aktivitetar på Vestlandet i 1943-1945*.

Høyr Replikk”-redaktør og historikar Henrik Harthug i samtale med forfattaren om «motstand» som historisk tilbakelagt fenomen, og «motstanden» vi møter i dei kontroversane historieskriving kan skape.

Programkomitéen har fleire emne i støypeskeia for andre halvdel av kvelden, så følg med: Oppdatering kjem!

Vi har rykande ferske tidsskrift til sals for den nette sum av 50,- og litt eldre tidsskrift til sals for 30,-. Vel møtt til mentalt påfyll, godt i glaset og lystig lag på Bergens trivlegaste bydelspub.

*«Saborg – «også vi, når det blir krevet». Likvidasjoner og sabotasje i Bergen og Stavanger 1943–1945» (Kapabel forlag), forfatta av Ole-Jacob Abraham og Terje Olsen på oppdrag for Museum Vest.

, 24/05/2017. Category: Nyheter.